Eigaren av desse føtene utstyrte med lubber utpå skorne, gjekk stødig og trygt på glatt snøis i sentrum av Leirvik. Han meinte lubber som antigli ligg hakket over broddar i tryggleik. Så er då også lubbetrikset gamalt og velprøvd, like frå den tida oska frå vedomnen var strålande middel å strø på isen i gangvegane. Berre prøv.