Sponavikjo i stilla

(Foto: Ida Koppang)

– Når det endeleg er stilla og fint vær, då er ein tur i Sponavikjo berre fint. Det er den korte, men særs treffsikre tekstlina som dumpa inn i stordront.no sin elektroniske postkasse saman med biletet over (tips@stordront.no) torsdag ettermiddag. Fotograf og innsendar er Ida Koppang.

Me kan ikkje skjøna anna enn at ein tur i Sponavikjo på slike dagar er terapi av ypperste kvalitet!

Takk for biletet! Me tek gjerne imot fleire.