Den som lurer på stoda for kommunale saker, finn svaret i arbeidslista kommunedirektøren legg fram med jamne mellomrom. Lista gjev oversyn over saker som er under arbeid i administrasjonen, som hovudregel saker som går ut over ordinær drift og som er definert gjennom politiske oppdrag, (jf. økonomireglementet pkt. 4.)
Første arbeidslista for 2024 er å finna som referatsak i innkallingane til utvals- og rådsmøta som skal haldast komande veke. Det manglar ikkje gjeremål, lista strekkjer seg over 12 A4 sider.