Ikkje økonomi til nemnande ruteendringar

«Tranen» ved  kai Ranavik. (Foto: Steinar Hystad)

Stord er mellom kommunane i fylket som har fått skriftleg melding frå Skyss om at 2024 blir eit år utan nemnande ruteendringar for bussar, ferjer og snøggbåtar. Såleis blir ikkje kommunane inviterte til det årlege møtet mellom operatøren av kollektivtrafikken  i Vestland og kommunane for å høyra lokale ønskje om endringar i tilbodet.  Skyss forklarar stoda  slik:

– Det har dei siste åra ikkje vore friske midlar i budsjettet til styrking av tilbodet i distrikta. Endringar måtte dermed skje innan eksisterande rammer, gjennom omprioriteringar av tilbodet eller tiltak utan vesentleg kostand.  For 2024 er denne situasjonen uendra, og difor blir det ikkje lagt opp til innspelmøte i år.

Skyss har gjennom dialogen  med kommunane dei seinaste åra  sanka omfattande dokumentasjon på ruteønska, som vil bli lagt til grunn dersom det opnar seg mogleikar for endringar. 

Det vanlege for Vestland og Skyss er at «nye» ruter er blitt presenterte i august månad. Men det trykte ruteheftet er det slutt på