«Vis hensyn – bruk hundeposen» står det på oppslag langs indre del av hamnepromenaden, likevel dukka 8-10 skitslepp frå firfota vener fram då snøen forsvann tidlegare i veka. Kladonsane ligg særs strategisk til for nedtrakk, med tilhøyrande transport av hundebommelom heim til dørmatta eller teppet i gangen. Ei utidig avslutting av ein elles triveleg og populær tur – langs kaifronten ut til Stordøra. Oppropet om å «Ta det med» byrjar bli nokre år – men er framleis høgst aktuelt. Takk.