– Leirvik Mannskor har vore ein kulturbastion i Sunnhordland i 110 år. Me går no Manngard etter nye kulturopplevingar og medlemer. Me er ein gjeng som har det kjekt i lag, og ser etter fleire røyster som tar songen til nye høgder, skriv koret i eit pressemelding. Der blir det vidare opplyst at:
– Vår dyktige dirigent Ailin Sanden Nymark har sett saman eit fint repertoar til framsyninga «Manngard», som vert bunden saman av poet Arne Torget (som og er medlem i Leirvik Mannskor). Med oss har me også Matti Røssland som skal ha innslag saman med koret og med sine eigne musikarar.
– Christine Lygre er mannskoret sin faste pianist, i tillegg har me med oss Lorentz Kannelønning på gitar, Rune Birkeland på trommer og Helge Hammersland på bass.
Det blir konsert/framsyning i Stord Kulturhus fredag 16. februar, Kulturhuset Husnes 17. februar og Bømlo Kulturhus 24. februar.