Då Vikjo hadde sentrale bakkar for skreining og skihopp

Skreinte ned Kjøtteinsbrekko og litt litt opp i Dahlabakken (Foto: Tor resser)

«Flotte  hovudvegar for  skreining»  er tittelen på eit kapittel i boka «VIKJO – mimring om leirvik på 60 talet.  Medan det store snøfallet er i ferde med å renna vekk, kan det vera greitt å sjå litt i revers. For Vikjo har tålt mykje snø før i tida også:

«Aking – er i røynda eit nyord for godtfolk  med oppvekst på Vikjo for nokre titals år sidan. Vårt første møte med ordet fekk me då Bladet Sunnhordland på 80-talet viste bilete av ein flokk ungar i eitt av dei nye bustadfelta i kommunen, der oppsitjarane var stolte over dugnadsrigga akebakken, vekke frå trafikken.  Då skjøna me at aking var det same storda-buar i «fødde-på-Backertunet-alder», kalla for skreining: – Vinteridretten me praktiserte sentralt  på Vikjo med kjelkar med og utan ratt (rattar), spark og krubba.»

«Vikjo hadde flotte hovudvegar for skreining. Suste rett ned Kjøtteinsbrekko og fekk så god fart at me nådd litt oppover Dahlabakken (Torgbakken). Det gleid god nedover Myraskogen også.  Peiste rett ned Vikabrekko. I motsett ende av metropolen seig me frå Turnhallen og like til torgs på godt føre.

Personleg rekord vart sett frå Toppen av Bandadalen og heilt ned til Rondingen på kaien,  i eitt renn. Trafikkfare var eit ukjent begrep. Det var jo berre ein bil i dalen vår, og me visste kva tid eigaren kom kjørande heim frå jobb og kva kveldar han pleidde bruka doningen. Så når det var fare for bil, tok me berre  skreinepause og stakk heimom etter skjeva og bytta vottar.»

«Sidan det ikkje lenger er mogleg å driva noko vidare sportsleg utfalding på Fengselsbakkane, vert Terje Horneland sin rekord i stor bakke ståande i alle æva. Ein elegant hoppar som fekk til såpass lange opphald i lufta at han hadde tid til å ta nevane bakpå, som snarast. Ovarennet hadde start omtrent der talarstolen i Frelsesarmeen sine festlokale stå i dag.  Nedslagsfeltet ligg omtrent midt i Skrivarvegen, og oppbremsing i unnarennet  vart avslutt omtrent ved minibanken på nordsida av Posthuset (som ikkje lenger er posthus, men kyrkjekontor)»

Så sånn va da då!

Stemningsbilete frå Vikjo, frå snørike dagar tidleg på 60-talet (Foto: Tor Resser)