Ikkje meldt frå om uhellet

Går inn i si fjerde veke på skeive i Borggata (Foto: Steinar Hystad)

I løpet av julehelga fekk ein av dei flotte lyktestolpane i  Borggata seg ein smekk og har sidan stått på skeive med dinglande armatur i toppen.

Er dette eit kommunalt «anliggande» og kva skjer vidare?  Spørsmålet retta Stordront til  Anne Randi Naurstad, driftleiar  for veg, parkering og grønt i Stord kommune.

– Stolpen har ikkje vore meldt inn i Haugaland kraft sin kartportal. Meld om mørke veglys – Hkraft.no

Dette er no gjort og kommunen har bede dei om å sikre anlegget snarast, svarar Naurstad, og legg til:.

– Det vert ikkje graving før det er mildvær og telen er vekke, då det er varmekablar i grunnen i området som me ikkje ynskjer ikkje å skade.