Michelle Ullestad har tatt landet med storm dei siste åra. Frå nervøse opptredenar på bransjefestivalar til Årets Urørt i 2022 har Michelle klart å markere seg som ein fryktlaus, kreativ, men også audmjuk artist, alltid tru mot eigne ideal.
Ullestad er eit låtskrivertalent av dei sjeldne – med medmenneskelege, nære tekstar og melodiar med kraft og vilje. Songane hennar er den perfekte komboen av sprudlande allsong og melankolske melodiar.
Med seg på ferja tar Michelle det solide bandet sitt «Ullestad United» og me gler oss til å synge med.
Michelle spela i 2021 på Vill Vill Vest, med lange køar utanfor arenaen, og BT hadde dette i sei om hennar opptreden:
«(..)ordene spyttes ut slik bare sangere med noe ekte på hjertet faktisk kan. Noen tørker en tåre, andre gnir bort gåsehuden (..) Michelle Ullestad fortjener all hypen hun kan få. 6/6 hjerter»
Dette seier Tysnesfest sin eigen Øystein Vaage om bookinga:
– Dette er ei booking som me verkeleg er stolte over. Michelle høyrer så absolutt heime på store festivalar og scenar, og har tidlegare oppnådd enormt bra kritikkar på Bergenfest, Øyafestivalen og fleire andre. Då er det berre rett og rimelig at me fekk ho til Tysnesfest og! Her kan publikum gle seg til tårer, eufori og gåsehud!
Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2024:
Fredag 12. juli:
Åge og Sambandet
DDE
Hellbillies
Nico & Vinz
Fay Wildhagen
Lørdag 13. juli:
Sondre Justad
Matoma
Carola
Michelle Ullestad
Lille Venn