Som formidla her på nettstaden for litt sidan, var det i eldre tider vanleg å laga private postkort av familiære samlingar og ultralokale hendingar. «Dåtidas facebook» som me skreiv i tittelen. Motiv for å gjera det på same kommunikasjonsmåten i dag, er det plenti nok av rundt oss for tida. Urørt nysnø pyntar godt opp, og såleis kunne det lett blitt eit postkort av synet som møtte turgåar over Høyland tysdag.