Har signert teiingslovnad

Har signert teieplikt om folk sine personelge tilhøve

Medlemer av kommunestyret og andre med tillitsverv  i Stord kommune har i løpet av  første månaden i år fått tilsendt,  og sendt i retur signert «Teiingslovnad».  Også tilsette i kommunen må signera ein slik lovnad. Det dei signerer for, er:

«Eg gir med dette lovnad om teiing om det eg får kjennskap til om folk sine personlege tilhøve»

Lovverket er strengt på dette området:

«Eg er gjort kjend med at brot på teieplikta kan vera straffbart og m.a. vera grunn for oppseiing av eit arbeids- eller tenestetilhøve elller tap av tillitsverv m.m. jf Lov av 10. februar 1967…»