– Nytt tverrsamband må koma før Miljøgata

Ny veg rett fram her mot Øvre Sæ  vil avlasta  sentrum for gjennomgangstrafikk.. (Foto: Steinar Hystad)

I dei omfattande planane for 20 meter høg  kollektivterminal på Bandadalsplassen, er nedre del av Vikabrekko og Sævegen tenkt omgjort til Miljøgate. Målet er redusert biltrafikk gjennom sentrum. Slik det var planar om også då Stordpakken engasjerte sterkt i den politiske debatten, før «pakken» vart pakka ned og lagt til sides. Det låg i miljøgatekortet at det vil bli innsnevringar for biltrafikken. Ny sykkelveg vil krevja sin del av arealet. Kvar ny kollektivterminal ligg i byggjeløypa er uvisst.

Uvisst er det også kva tid tverssambandet frå krysset Ådlandsvegen/Tysevegen over Frugardselva til møte med E39 i Øvre Sæ skal/kan byggjast.

Om problematikken som her er nemnt har Stord Næringsråd eit godt tips til løysing i  uttale til reguleringsplanen som har vore på høyring:

«I trafikkanalysen som ligg ved står det å lesa at dersom tverrsambandet  Ådlandsvegen – Sæ vert bygt, vil om lag 1/3 av trafikken gjennom  Sentrum gå der og ut på E39. Det hadde vore ein fordel om dette prosjektet var opna før ein gjekk  i gang med strengingar i sentrum.»

I ein prat med Stordront.no for eitt år sidan sa dåverande ordførar Gaute Epland at her omtalte tverrsamband stod høgt på den kommunale ønskjelista –  men at dette er eit fylkesvegprosjekt.