Så langt denne månaden har vèret vore stort sett stabilt skiftande, noko som har medført at høgste punkta på Herlege Stordøy tidt har skifta antrekk. Flottaste hatten tok Kattnakken på seg her om dagen, ein grå sak som såg ut til å vera laga av ull. I løpet av denne tysdagen lyd varsla på at toppar og dalar skal kle seg i eitt om lag 25 centimeter tjukt kvitt laken….