Reaksjonar på planar om ruvande bygg i sentrum

Slik er planane for  kollektivterminalen.

– Me er urolege for at volumet i seg sjølv vil dominera omgjevnadane, ikkje danna bakteppe for Borggarden, Rådhuset og Miljøgata slik intensjonane har vore.

Dette skriv kulturrådgjevaren i Stord i ei kulturfagleg vurdering til «Detaljregulering  kollektivterminal, Bandalen.  I merknaden er det fleire reaksjonar på  storleiken på byggeprosjektet:

«Vidare vil det store volumet visuelt bryta aksen mellom Borggata, Borggarden og Holevegen. Med eit lågare bygg kan dette bli ivaretatt.

Me seg ikkje att intensjonane i føresegnene, i illustrasjonane til planomtalen. Det er vanskeleg å sjå korleis utforminga skal knyta seg til  bymiljøet og korleis utforminga er sett i samanheng med rådhuset og Borggarden.  Illustrasjonane vitnar om at  Leirvik får ein kollektivterminal som Bygarasjen i Bergen. Med tenke på eit estetisk godt menneskevenleg byrom er det eit uheldig førebilete.»

Kulturrådgjevaren meiner det er fint at det skal etablerast eit grøntområde på taket av terminalen, men minner samstundes om at dette vil krevja høgt rekkverk og det vil føra til at bygget vil verka endå høgare enn maks byggehøgde på 20 meter.

– Me meiner det er uheldig for byromet og kulturmiljøet  i Leirvik sentrum å byggja så høgt og stort på denne tomta, skriv kulturrådgjevaren.