Vil ha mopedar vekk frå gangvegen

Skilt fortel kven denne  vegen er for. (Foto: Steinar Hystad)

– Er det noko som kan gjerast for å sikra gangvegen,  slik at mopedar ikkje kan køyra gjennom?

Gangvegen mellom Trodlahaugen og Hjortåsen er klart og tydeleg skilta, likevel ser oppsitjar i bustadfeltet seg nøydd til å be om hjelp frå kommunen (vegeigar) for å få slutt på plagsam, og ulovleg mopedkøyring. Dette skjer på både dag- og kveldstid, går det fram av meldinga til kommunen.