Flyttar hestane  til Sagvåg barnehage

Skuret er for dyrt å flytta – medan gyngehestane skal flyttast – til glede for unge ryttarar i Sagvåg barnehage. (Foto: Steinar Hystad)

Etter initiativ frå Linda Grundtvig (H) skal Sagvåg Barnehage snart får eit nytt, og litt spesielt leikeapparat. Litlabø barnehage er for lengst over i soga, og i desembermøtet for kommunestyret, spurde Grundtvig om det var mogleg å  flytta eit skur og ei dobbel hestegynge frå Litlabø til Sagvåg – der dei ikkje har nokon stad å setja inn leiketyet.   

Administrasjonen svarte godt og greitt: 

– Det har vore vurdert å flytta skuret frå Litlabø barnehage til Sagvåg barnehage. Det synte seg at det var svært kostbart å leige inn transport og mobilkrane og at ein for same pris like gjerne kunne bygga nytt skur i Sagvåg. Når det gjeld hestegynga er den støypt godt fast. Tekniske tenester vil prøve å få den laus utan å øydelegga den.