Markerte slippsetting  nummer 3500

Servering av god kake og gode ord i salongen: (f.v.) Nelly Oma Røstbø, Jarle Møllerhaug, Rune Sangolt, Rune Kvernenes, Oddvar Oma og Linda Røyrøy. (Foto: Steinar Hystad)

På seinhausten 1981 overtok Oma Slipp AS Leirvik Mekaniske verkstad sin lokalitetar, med slipp, i «ytre» Hamnegata ved innseglinga til Leirvik.  Over i 1982 kunne Oma føra første slippsettinga til protokolls, og sidan har det vogna på skjener jamt hatt ein westamaran eller ein oppdrettsbåt som last. Nyleg var snøggbåten «Tranen» gjest på slippen og vart innført i manntalet som landsetting  nummer 3500.

– Ein milepåle absolutt verd ei markering, meinte Oma Slipp AS,  og stilte onsdag med «Kvit Dame» til dekka bord i salongen, medan båt og mannskap hadde pause ved Nattrutekaien mellom to ruterundar.  Det var tid for utveksling  av gode ord.  Frå dagleg  leiar av slippen  Oddvar Oma til  kvartetten om bord  for godt samarbeid og godt kundeforhold.  Ein av Norled sine hurtigbåtar jamt å sjå ved kai, eller på land ved verkstaden.  Nett no er ombygging til rein el-drift ein del av dei større oppgåvene for Oma.

– Imøtekomande og dugande fagfolk  på Oma Slipp, som «hiv seg rundt» for å  hjelpa om problem  eller skade oppstår, takka kaptein Rune Møllerhaug  i retur.

Westamaranar og «oppdrettsbåtar» vekslar om plassen på slippvogna. Mellom 100 og 120 slippsettingar per år. (Foto: Steinar Hystad)