Stord Sogelag og Sunnhordland Kammerorkester har fått melding frå kultursjefen om at driftstilskotet for 2024 fell bort, etter budsjettvedtaket i Stord kommunestyre. Kva då med Maritimt Museum, støtta til 17-mai, Sunnhordland museum, Falturiltu og driftsstønad til lag og organisasjonar? Fell dei også bort? Stordront.no har retta spørsmåla til kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen, som svarar med denne orienterande kommentaren:
– Nei, alle desse ordningane fell (heldigvis) ikkje bort, det er støtta til Sogelaget (kr 10 000) og Sunnhordland kammerorkester (25 000) som er tatt heilt ut, i tillegg har Stord Maritime Museum fått eit nedtrekk på kr 100 000 (dei har hatt 200 000 i støtte dei siste åra, men det er no redusert til halvparten).
– Sunnhordland Museum får ei auke i støtte, jf, politisk vedtak om ny samarbeidsavtale 11.05.2023, på kr 130 000, ny sats for støtta deira vert til saman kr 230 000.-
Støtte til 17. mai, Friluftsrådet og Falturiltu vert vidareført på 2023 nivå.
– Dei 400 000 som no står som Kulturmidlar/driftstilskot skal fordelast på kr 25 000 i underskotsgaranti til arrangementet 100 dagar, 25 000 til prisar, stipend og div. underskotsgarantiar, og så skal 350 000 fordelast etter søknad til lag og organisasjonar jf. denne ordninga, med søknadsfrist 1. april: https://www.stord.kommune.no/kulturmidlardriftstilskot.458535.nn.html
– Det er eit stort kutt i midlar sett av til prisar, stipend og underskotsgarantiar, for å dekke alle desse tenestene er det i 2024 sett av 25 000.- tidlegare år har det til saman vore kr 150 000 til dette. (Kulturstipendet har dei siste åra vore på kr 40 000.-). Det vil bli vanskeleg å få 25 000.- til å strekke til, til både kulturstipend, prisutdelingar og løpande underskotsgarantiar. I løpet av kort tid vil det koma ut informasjon om fordeling av dei 25 000, skriv Kultursjefen.