Beinkaldt – kva kan det tyda?

Mellom naglabet og fastfrose er det beinkaldt. (Foto: Steinar Hystad)

Vilkårleg goog’ling av ordet beinkaldt gjev mellom anna til svar at det på Jæren vart arrangert ein musikkfestival med dette namnet. Det vart full klaff, med minus 25 grader mykje folk og god musikk.  På det lokale «Stord I-termometeret» stoppa tempen i helga  sin nedgang på akkurat litt under minus ti og det det kjendest «gjennom «marg og bein». Kan beinkaldt kom frå det uttrykket, kanskje?  

Heller ikkje i  samling av gamle og utdøyande ord frå stordamålet er beinkaldt å finna. Og når me spør  Norsk Språkråd til råds om kva  beinkaldt tyder, blir det svart: –  svært kaldt.

Er det nokon i  lesarkrinsen som kan ha ei god forklaring på ordet beinkaldt, garanterer me varmt mottak av innspel til tips@stordront.no.