I den mørke del av døgeret tek Huglo imot vegfarande med godt lys heile brekka frå kaien og opp til krysset på Reset. Derfrå og ein del hundre meter ned mot Huglo bru og Leiro, må for tida vegfarande til fots eller i bil, syta for å lysa opp vegen sjølve. På nemnde strekk er det rigga till for veglys, med både pålar og armatur, men lys er det verre med. På rekke og rad står seks mørklagde lyspunkt, langs fylkesvegen.
Mannskapet som tek turen til Huglo for å skifta pærer, bør ta med ein del ekstra. Det er lys utan lys også lenger sør på øya.