Den lange rekkja av lysmaster langs europaveg 39 på Grov, vert brått broten når ein kjem til masta merka med nummer 802. Det er laga til med koplingspunkt på vegskuldera, men masta har ikkje vore oppreist på ei stund. Ho kviler i lyngen like ved, utan armatur i toppen.
Sidan det blir jobba med oppsett av meir autovern og anna sikringsarbeid lange E39, er det å rekna med det kjem lys i masta 802 rimeleg snøgt. Det takkar bilistane sjølvsagt for.