Travel sjøambulanse

«Rosedoktoren»  i sjuketransport til Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

«Rosedoktoren» held seg også etter 2023 høgt oppe på landsstatistikken over travle ambulansebåtar. Og dei som tykkjer dei ser den gule westamaranen til Gulen skyss, stadig i full fart gjennom Lyraskjerssundet på tur til eller frå Leirvik, har rett. I fjor vart det loggført 1 138 anløp til kaien på Skotaberg. Delt på 365, blir det 3,12 anløp per dag.  Ambulansebåten har base på Sunde.