Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein ser som barnerepresentant i Stord kommune, fordeler for born og familiar ved flytting av bussterminalen frå kaiområdet til nybygg på Bandadalsplassen. I kommentar til terminalplanane som for tida er ute til høyring, skriv Agdestein:
«Leirvik sentrum er i dag lite tilrettelagt for barn og barnefamiliar. Byromstrategien for Leirvik inneheld fleire tiltak som vil kunna føra til at fleire i alle aldersgrupper finn seg til rette og i større grad tar sentrum i bruk. Ein sentral føresetnad for dette er flytting av bussterminalen slik at det fine kaiområdet bli frigitt til park/aktivitetsområde. Etablering av ny kollektivterminal vil såleis vera ei viktig brikke i å utvikla sentrum til ein meir attraktiv og inkluderande møteplass.»
Vidare heiter det:
«Blågrøne strukturar er viktige for helse og trivsel. Leirvik har lite grøntareal. Planen bør difor leggja vekt på å ta vare på og utvida grøntarealet, anten på takarealet slik planen foreslår, eller på annan måte innan planområdet»