Borggata 1994

Ole Vik Daglegvarer dreiv i bygget til venstre, «Tesdalshuset» opp trappa. Biletet er teke i 1994 (Foto: Tor Resser)

Tilbakeblikk 22/02/23: I ei kunngjering  frå Irgens AS, vart det her tidlegare i vinter vist til etablering av mellombels utsal i tidlegare  Ole Vik sin lokale i Borggata. Mykje truleg er det berre den eldre del av stordabuane som hugsar kvar  daglegvarebutikken heldt til.

Den yngre garde stilte nok spørsmålet – Kor va Ole vik?  Her kjem svaret:

Butikken låg i ein einetasjes  bygning i krysset Jens Hystadveg/Øvre Borggata og dreiv godt fram til nedre del  hovudgata i Leirvik vart etablert som gågate på slutten av 1980-talet. Den nye trafikale ordninga førte til stille tider oppfor «Checkpoint Charlie», som brytningspunktet vart kalla på folkemunne.

Det gjekk ikkje så lange stunda  etter, før handelen vart avslutta og skiltet med Ole Vik Daglegvarer vart teke ned.  Same skjedde med forretningen Åsly’s  ettf, som baud fram barnklede og diverse i nabobygget, «Tesdalshuset», ei steintrapp opp frå  gata. 

På tomta vart det seinare bygt kombinert nærings- og bustadhus – som står der i dag.