Kjenner du historia til Stord kyrkje?

(Foto: Steinar Hystad)

Tysdag 27. desember sendte Stord kyrkjelege fellesråd ut ei pressemelding om at løyvingane frå Stord kommune no er så låge at Stord kyrkje frå 3. januar 2024 vert stengt ned. Og det er nok første gong på lenge kyrkja, som vart reist på slutten av 1200-talet, har vorte. Nedanfor kan du lese litt om historia til Stord kyrkje. Artikkelen er saksa frå Stord kyrkjelege fellesråd sine nettsider:

Det har vore kyrkje på Stord sidan høgmiddeladeren. Då Stortinget ca 1850 vedtok ein lov som sa at kyrkjebygget skulle romma 1/4 av innbyggjarane blei den gamle steinkyrkja på Stord riven og ny kyrkje blei bygd i åra 1855-57.

Historikk.
Det har vore kyrkje på Stord sidan høgmiddeladeren, truleg frå slutten av 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Kyrkja på Stord var ei lita gråsteinskyrkje som var ca 21 meter lang, ho var utan tårn, og i privat eige fram til 1724.

Rundt 1850 vedtok Stortinget ein lov som sa at kyrkjebygget skulle vera så stort at 1/4 av innbyggjarane fekk plass samstundes. Då var den gamle steinkyrkja på Stord for liten. Ho vart riven og ny kyrkje blei bygd i åra 1855-57. Stord kyrkje blei vigsla 6.september 1857. Den nye kyrkja har basilika-form, dva at ho er konstruert med eit høgt midtskip som er skild frå sideskipa av fem rundbogar som kviler på massive søyler. I starten var nok interiøret i kyrkja heller spartansk. Sidan byggjeåret har det vore gjort fleire endringar av kyrkja, dels på grunn av fuktskadar. Auka folketal gjorde at behovet for eit eige gravkapell vaks fram, og dette blei bygd i 1953-54. Alterplata i gravkapellet er alterplata frå den gamle steinkyrkja. Glasmaleriet i gravkapellet er laga av Malvin Neset i 1954. Stord kyrkje gjennomgjekk ei stor restaurering fram mot 100 års jubileumet i 1957. Kyrkjeveggene blei pussa og kyrkja fekk eit slankare og meir høgreist tårn. Det blei og laga trapper og sett inn dører til sakristia. Men den største skilnaden skjedde nok likevel innvendig i kyrkja. Der blei sidegalleria fjerna og det blei laga eit nytt tverrgalleri og orgelgalleri. Det kom på plass ny preikestol, nytt alter, ny døypefont og nytt orgel. I tillegg var arbeidet med ny altertavle påbegynt.

Interiør.
Når ein kjem inn i Stord kyrkje i dag er nok nettopp alterbiletet laga av Per Vigeland det mange først og fremst legg merke til. Biletet i glass mosaikk sett saman av over 120 000 glasbiter viser den attkomande og sigrande Jesus. Altertavla blei overlevert til kyrkja i 1960. Det er og Vigeland som har laga dei to glasmaleria øverst på veggen framme i kyrkja. Statuene som står i nisjer på veggen her, er laga av bilethuggar Agdestein.

Alteret i kyrkja var nytt i 1957. Det har ein kross og bibelverset frå Matt. 11,28 innskriven ; Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera. Hjå meg skal de få kvila dykk ut. Alterduken er sydd av Liv Stokken i venetiansk broderi og var ny i september 2016. Duken har eit motiv på midten med det sigrande lammet med fane, som er eit symbol på Jesus Kristus. Duken har også motiv av ein kalk, som er eit kjent motiv for nattverden. Kors og kalk er brukt som rapport kring duken. Mellom kvart motiv er det ei stjerne. I den kristne symbolikken er stjerna over Betlehem også blitt tolka som bilete på Guds ord, seier Stokken.

På gulvet inni alterringen er eit teppe med stråler ut mot alterringen. Frå alteret stråler Guds gode gåver til dei som kneler ved alterringen eller høyrer og ser det som skjer med alteret.

Preikestolen var ny i 1957 og har utsmykkingar av treskjerar J Hjelle frå Os. Preikestolen er åttekanta, der fire av sidene viser symbol for evangelistane og ei side viser Jesus som offerlammet. Døypefonten i kyrkja var ny til jubileumet i 1957, men dåpsfatet av messing er frå 1600-talet og viser engelen Gabriel som kjem med bod til Maria at ho skal bli mor til Jesus. Over døypefonten heng ei gullfarga due, laga av sokneprest Muus. Dua er eit symbol på Den heilage Ande. 

I tårnet heng den gamle kyrkjeklokka frå 1594, som også hang i den gamle steinkyrkja. På klokka står det i latin: Verbum Domini manet in Æternum, som tyder: Guds ord vert verande i all æve.