Vil venta med å seia opp «landbruksavtalen»

Stord og Fitjar har ikkje berre felles miljø- og landbrukskontor, kommunane har også felles landbruksplan som gjeld for perioden 2017-2025.

«Den skal gi tydelege signal om kva som er viktige areal og ressursar for landbruket.  Den skal få fram kva landbruksnæringa har å seia for verdiskapinga, sysselsetjing, busetjing, kulturlandskap og anna næringsliv» – heiter det mellom anna i den 29 sider fyldige planen.

Som ein lekk i budsjettvedtaket for 2024, gjekk Stord kommunestyret 30. november inn for å seia opp samarbeidet med Fitjar om felles landbruks – og miljøkontor.  Etter avtale er det eitt års oppseiingstid.  Eit år Stord vil bruka til å leggja planar for korleis kommunen skal løysa sine jordbruksoppgåver.

No vil SP sin representant i Stord kommunestyret, Nancy Aasheim, ha ei endring på det vedtekne opplegget. Ho har meldt interpellasjon, med oppmoding til kommunedirektøren om å gå i dialog med Fitjar om å avventa framtidig organisering av  landbruks- og miljøkontoret til Stord har avgjort korleis oppgåver knytt til desse fagområda skal løysast.  Utgreiing om problematikken skal  liggja føre tidleg på nyåret, og skal etter politisk behandling sendast til uttale  hjå bondeorganisasjonar og andre rørde partar.  Endeleg avgjerd i spørsmåla bør kunne takast i april.