Stordront.no sin rontomkring-gåande måtte bråstoppa og sjå ekstra godt både tre og fire gonger, då ein liten skapning landa eit par meter unna på flaumvernet inst i Evjo tidleg ettermiddag torsdag. For kva gjer ei einsleg linerle på våre breiddegrader langt uti desember månad?
– Ja, det er all grunn til å reagera på observasjonen. Det er høgst uvanleg med julebesøk av linerle i landet vårt. På denne årstida skal ho vera i varmen kring Middelhavet. Linerla er insektetar og vil nok ikkje finna føde av det slaget i våre trakter no. Desse fuglane plar koma attende frå sydenopphaldet først når det lid til april, seier dyr- og fuglekjennar, fotograf og forfattar Jan Rabben.
– Nokon teori om kva som kan ha skjedd i dette tilfellet?
– Det hender fuglar tek feil retning når dei skal på langfyking, kan kanskje vera noko slikt, tipsar Rabben.