Fredag 22. desember 2023 klokka 04.27 nøyaktig, snur sola og (pussig nok) går det på den mørkraste dagen i året – igjen mot lysare tider.
Rett nok ikkje med dei store steg første vekene, men berre det å vita at den lyse delen av døgeret blir lengre og lengre frametter, gjer godt for sjela.
Grunnen til at vintersolverv i år er sett til 22.desember, og ikkje 21. som «vanleg», er at 2024 blir skotår – til glede for dei som har bursdag 29. februar.