Julegåvene dalar ned frå Tysnesfest-skyene og fyller sommargraset med nye indie-pop-yndlingar, ei legendarisk skandipopdronning og ein duo som aldri har tatt feil når det kjem til å lage superhits.
Ytterst få har fått oppleva det den norske duoen Nico & Vinz har gjort når det kjem til internasjonal suksess. Heilt frå starten med den verdsberømte hiten «Am I Wrong» som herja hitlistene i 2014 har dei fortsatt å levera hit på hit. 10 år etter braksuksessen og med 106 millionar streams i baggasjen er dei klare for Tysnesfest. Og nei, me tar ikkje feil, dette blir ein megajubileumsfest med Nico & Vinz du ikkje vil gå glipp av.
Skandipop-dronning, Eurovision-legende og ikonet Carola spelar på Tysnesfest 2024. Nei, du las ikkje feil, det blir både «Fångad av en Stormvind» og «Främling» på Tysnes til sommaren. Evigunge Carola som har vore i rampelyset i 40 år er ein av Skandinavias aller beste entertainere og me gler oss til å synga med på dei kjente og kjære hittane hennar.
Merk dykk namnet og bandet Lille Venn! Heilt i vatnskorpa av karrieren sin har Lille Venn allereie fått masse radiotid og blitt kåra til månadens urørt på P3. Musikken er ein dose pop-punk, skikkelege rockehåndverk, tekstar om bittersøte kvardagar og tonnevis med sjarm.
Lille Venn kan fort bli din nye beste musikkvenn!
Dette seier Øystein Vaage i Tysnesfest om artistane som no er klare::
– Få artistar har skapt like mykje engasjenement i Tysnesfestpublikummet som Carola gjorde sist ho vitja oss i 2015. Me har bestilt vindmaskin, og gler oss til å ta imot ei levande legende!
– Det er utrulig kjekt å kunna presentera både garva entertainere som Nico & Vinz og Carola sammen heilt ferske flinke Lille Venn!