Lagar nye kart over hjortevalda

Digitale kart over hjortevalda vil gje betre grunnlag for utrekning av jaktkvotar. (Foto: Steinar Hystad)

– I samband med tildeling av fellingsløyve for 2023, såg me at det er behov for ei oppdatering av kartgrunnlaget. Me ønskjer laga digitale kart over valda. Det vil  gje fleire fordeler, skriv  Stord-Fitjar landbruks- og miljøkultur i eit skriv sendt leiarane i hjortevalda i Stord kommune.

– Mellom anna vil det bli lettare å utføra nøyaktige utrekningar  for det teljande arealet, som igjen vil gje meir presis fordeling av jaktkvotar.

Vidare vil digitale kart gjera det mogleg å registrera endringar i valda meir effektivt.  Om det oppstår behov for å justera grenser eller gjera andre endringar, kan dette gjera raskare og meir nøyaktig med brukt av digitale verktøy, påpeikar  landbruks- og miljøkontoret, som no ber om informasjon frå jegerar og grunneigarar.