I møtet til Utval for byutvikling torsdag, stilte representanten Tom Knudsen (H) spørsmål om status i plansamanheng for Leirvik skule.
Knudsen viste til sending frå FAU ved Leirvik skule til kommuneleiinga i 2022, der ein bad om tilbakemelding på sak om ombygging av skulen, som då hadde innpass i investeringsbudsjettet. Ved fleire høve seinare har foreldrearbeidsutvalet purra på svar.
– Kva er status på forprosjekt Leirvik skule 2022? Vil FAU bli invitert til å ta del i forprosjektet og vidare i hovudprosjektet, spurde Tom Knudsen.
Administrasjonen svarte:
- Grunna kapasitet i Tekniske tenester knytt til prosjektleiing har dette prosjektet ikkje vore prioritert. Forprosjekt Leirvik skule er no sett på vent til skulestruktur er vurdert og revidert skulebruksplan er handsama.-
- Når ein set saman ei prosjektgruppe for å arbeida med eit prosjekt på ein skule er FAU ein del av ei slik gruppe. Det vil dei og vera ved eit ev forprosjekt og hovudprosjekt ved Leirvik skule.