«De er ingen rimelig affære når tennene i kjeften til «Lilly» og «Marte» må byttes». Med denne ingressen innleiar vekebladet Vi Menn ( nr 49 2023) ein seks siders reportasje om dei kraftige maskinane, med meir enn imponerande sakse-tanngard, som for tida tygg utrangerte oljeinstallasjonar på demoleringsområdet til Aker Solutions på Eldøyane. Reportasjen fortel mellom anna at nye «tenner» til maskinane har ein prislapp på 200.000 kroner, veg 20 til 24 tonn – men så let dei seg heller ikkje stoppa av tjukt stål.
«Maskinene som benyttes på Stord er av typen som vanligvis ses som gravemaskiner. Men på demoleringstomten til Aker Solutions er grabbene byttet ut med digre sakser i stedet», skriv Vi Menn.