Me startar helgeønskjet til tredje søndag i advent med ei helsing frå lesar på Huglo:
«Ein liten kommentar til DRYLA som er henta fra Ola Høyland si samling i Stordront 8. desember, der de skriv DRYLA = somla tida bort.
Er det rett at det vert skrive med Y i boka frå 1972 ? Her i vårt område er det vel brukt Ø, altså DRØLA, om det å ikkje forhasta seg. (somla tida bort). DRYLA er vel heller brukt om å slå til noko, nokon, eller spenna til noko? DRYLA er jo blitt eit «løye» ord som har blitt referert i VG når Erling Braut Håland har «DRYLT» til ballen, altså sparka ballen. Håland bruka jo ordet i dagligtale med Y, og slik har me her på Huglo og brukt ordet dryla.
Ellers mye interessant å lese på stordront, som ingen andre får med seg. BRA !!»
– Takk for gode ord, Jo, dryla var skrivemåten for 51 år sidan.
Nokre ordtak frå Høyland-samling i Bygdeboka anno -72
- Låne’ ska’ komma leande att (gje det attende i rik mon)
- Gå i fetlingane (sagt om ein som heftar seg alt for mykje med småting
- Da e’ botn om han e’ longt nere
- Da går aur og saur (sagt om dei som berre driv på utan å sjå seg føre eller tenkja seg om)
- Da e’ kje røyk utan eld.
Så nokre ord som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet:
- Drøsa = prata, snakka
- Døyva =dampa ullgarn , vinna over ein annan mann
- Egg =skarp kant (slipa ljåen til eggjar)
- Eggja = øsa opp
- Egna = har agn på snøreongelen