«Svart senker natten seg i stall og stue. Solen har gått sin veg, skyggene truer. Inn i vårt mørke hus, stiger med tente lys, Santa Lucia, Santa Lucia».
Dette var songen som lyddest i Amfi-senteret onsdag føremiddag. Born frå fleire barnehagar var på besøk og markerte med song og marsj, lys og kvite klede, Lucia-dagen. Eit triveleg innslag i julehandelen, som mange fekk med frå tilskuarplass. Som takk for besøket venta saft og kaker på «torget» i andrehøgda.