30. november vart det hjå den kommunale Eining for regulering, byggesak og oppmåling sagt ja til endringsløyve for oppgradering og sikring av vassuttak frå Vaulane. Det var sak nummer 553 behandla på delegasjonsfullmakt på kontora i Rådhuset så langt i år.
Her nokre andre saker til behandling i november:
– Løyve til tiltak, oppføring av pipe, Saghaugen.
– Mellombels brusløyve lagerhallar Kjøttinesvegen
– Melding om tildeling av adresser Brotåsen
– Ferdigattest gapahuk, Nordre Tveita
– Melding om tildeling av adresse, Torkelsneset
– Løyve til igangsetting, ombygging og bruksendring Sunnhordland Tingrett
– Ferdigattest fritidsbustad for utleige, Huglo
– Mellombels bruksløyve nybygg einebustad, Holevegen
– Ferdigattest, bruksendring frå lager til kontor, Eldøyane
– Rammeløyve, nybygg pumpestasjon og sjøleidning Eldøyane-Skjersholmane
– Løyve til tiltak, nybygg hall, Nesvegen.
– Godkjent søknad, fornying 22kV-nettet til Stokken/Nordre Dåfjorden