Om litt må dei som har vendt seg til køyremønster over Ådland, frå krysset E39/Vestlivegen til krysset Tysevegen/Ådlandsvegen eller omvendt, finna seg ei alternativ rute. Sist veke mottok Stord kommune melding frå Statens vegvesen som godkjenningsmynde for oppsett av nye skilt, om at det kan monterast skilt som stengjer den kommunale delen av Ådlandsvegen for gjennomkøyring. Då kjem opp skilt nr. 306 «Forbode for motorvogn», med undertekst «Gjeld gjennomkøyring». Det har på strekningen lenge vore forbod for store bilar.
– Driftsleiar for veg i kommunen, Anne Randi Naurstad, opplyser til stordront.no at gjennomkøyringsforbodet på Ådland er prioritert på andreplass for fysiske tiltak på kommunale veger i gjeldande trafikksikringsplan.
Vedtaket er gyldig frå det tidspunkt skilt er sett opp og avdekka. Det er ikkje kome innvendingar frå Vest politidistrikt, som har hatt skiltplanen til høyring.