Klare for lys nummer to

Det er mong slags mysterium  å stilla seg undrande til. For eksempel  dei fine adventstakane som blenkjer frå  mange stoveglas i desse dagar; – for kvifor ha dei sju lys medan det er fire lys som skal tennast fram mot jul i adventkransen på  salongboret? Søndag kan me kveikja lys nummer to.

Her fyller me på med nokre fleire ordtak frå Ola Høyland si samling i bygdeboka anno 1972:

– Da e’ best å hegda frå loket, da e’ i seinaste laget når ein ser bot’n.

– Alt fe e’ sin herre lik.

– Når ein tala’ om solo, så skin hu. (når einkvan kjem uventa når ein snakkar om han)

– Han fyk ‘kje åv sigle (om ein som tek det tollegt)

– Da va idla vore (når eitkvart går som det ikkje skal.

Her nokre døme frå lista over ord på tur ut av stordamålet for 50 år sidan:

Didla = logra

Drikjen= tek seg godt ut

Drongsla = fara å reka

Drusen = gå på utan å sjå seg føre

Dryla = somla tida bord.