Bli med på lokal Fosse-feiring på biblioteket i dag, torsdag 7. desember, oppmodar Stord folkebibliotek på sin nettstad.
Fosse takka nynorsken då han fekk vita at han skulle få nobelprisen i litteratur, og Stord mållag og Stord folkebibliotek inviterer DEG til å feira Fosse og prisen med kake, nobelføredrag og opplesing.
Klokka 17.00 vert nobelføredraget Jon Fosse strøyma direkte. Etterpå blir det opplesing av eit Fosse-skodespel med lokale opplesarar. Det heile kan nytast med kaffi og kake til.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
– Kom, då vel, oppmodar Stord folkebibliotek