Fyller kyrkja med julemusikk

Stord Musikklag blir å høyra på julekonserten i Stord kyrkje søndag komande. (Foto: Steinar Hystad)

I mange mange år har  kyrkjemusikaren/organisten i Stord kyrkje  hatt ansvaret for å arrangera  julekonsertar med lokale aktørarar andre søndag i advent. I år  fell tenning av andre lyset på 10. desember og då blir det som vanleg to konsertar, opplyser organist Noah Wibe til Stordront

Klokka 17:30 med:
Langeland skulekorps
Stord og Rommetveit skulekorps – dirigent: Håvard Kroka
Lovsongsbrørne – dirigent: Hans Gunnar Aadland

Klokka 20:00  med
Stord musikklag – dirigent: Paul Hughes
Songlaget Stordabuen – dirigent: Ailin Sanden
Leirvik mannskor – dirigent: Ailin Sanden
Stordkoret – dirigent: Liv Kari Bru

Mellom musikkinnslaga syng blir det fellessong av julesalmar til organisten sitt tonefylgje.

Frå orgelkrakken sender Wibe ros og takk til songarar og musikantar  som er med og gjer desse konsertane moglege.