Arna Vik Misje har hatt juleverkstad i heimen i ca. 45 år, der mange store og små har samlast for å pynta peparkakehus og baka, smaka og pynta peparkaker.
Då ho var lokalpolitikar på 90-talet byrja ho å dela denne førjulsstemninga med alle som tek turen innom rådhuset. I nesten 30 år har me fått eit ferdigpynta peparkakehus i gåve, også i år. No står det i kundetorget og lyser så fint og luktar så innbydande.
Me vil me dette få takka Arna for denne fine gåva.
(MERK: Denne saka har me saksa i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider)