Alle busstopp på Heiane er i bruk

Dette busstoppet på Heiane nord, er i bruk til liks med andre stopp i området. (Foto: Steinar Hystad)

Han satsa på 700-ruta til Haugesund og bur slik til at nordre stoppet på Heiane (mot Skjephaugen) var det naturlege valet å gå på bussen. Skuffande var det difor å oppleva at bussen køyrde rett forbi stoppestaden, trass i at mannen gav teikn. Etter ei tid kom Kystbussen – som stoppa, slik at stordabuen nådde ærendet sitt i Haugesund. Heime att vart bussrutene studerte nærare, og til stor undring vart det konstatert at første stopp etter Leirvik terminal på kaien – er på Føyno. Altså inga plikt til stopp på Heiane, korkje nord eller sør? Kan det vera rett?

– Nei, får stordront.no opplyst hjå Tide buss. – Det er tre busstopp på Heiane og alle er i bruk. 

– Det kjem ikkje klart fram når ein klikkar seg inn via Skyss.no og les bussrutene  på Stord og 700-ruta sørover?.

– Me rår reisande meir og meir til å bruka tilbodet i «reiseplanleggaren», tipsar Tide-kontoret.

Der skriv ein inn kvar ein skal frå og til, tidspunkt og dag. Så kjem det opp at det er t.d. er 62  moglege stopp på 700-ruta til Haugesund.

Det er berre å velja.