Jul på museet

Sunhordland museum (Illustarasjonsfoto: Steinar Hystad)

Laurdag 2. desember blir det «Jul på museet» i frå kl. 11:00 – 15:30.

Sunnhordland museum ønskjer å skape god gammaldags julestemning på Sunnhordlandstunet med ulike aktivitetar som passar for heile familien.
Tradisjonen tru har museet julepynta stover, kafé med bakst, steiking av museumslappar i Eldhuset, servering av varm gløgg og ulike aktivitetar i husa på tunet.

Sentralt i tilskipinga står juleverkstaden, der barn og vaksne kan lage julepynt eller julegåver saman med rettleiing frå Stord Husflidslag. I Ådlandsstovo blir det juleforteljing og i Hatlandsløo kan ein binde seg ein brakekrans (sjå meir info).

Billettprisar:
Vaksne: 100,- / Barn over 5 år: 50,- / Barn under 5 år: gratis

Juleforteljing, aktivitetar i juleverkstaden og gløgg på tunet inngår i billettprisen.
Kranselaging 50,- (her må ein reservere plass i Hatlandsløo, samt kjøpe materialpakke når ein kjem til tunet).

Billettar kan kjøpast på Sunnhordlandstunet og på ebillett.no.

PROGRAM:

  • Juleverkstadar med Stord husflidlag:
    – Julekort og gåvelappar
    – Fleire stasjonar med julepyntlaging
  • Juleforteljing i Ådlandsstovo kl. 11:30, 12:15, 13:30
  • Spikkeverkstad i Stolmastovo
  • Smia er open for demonstrasjon ved Hans Andersen
  • Lefsebaking med smaksprøve i Futastovo
  • Nålefilting av julepynt med Ung Husflid, i Futastovo
  • Kransebinding i Hatlandsløo (kvar halve time frå 11 til 15)
  • Open museumskafé som serverer lappar, julebrød, kaffi og gløgg