Iveren og gleda over balleiken var det stor i hallane på Vikhaugane Sportssenter søndag. Der arrangerte Stord Fotball Monter-Cup med stort oppmøte.
– Rundt 500 spelarar i alderen mellom 6 og 10 år har meldt seg på. Dei representerer klubbar frå i heile Sunnhordland, opplyste Roger Matre i Stord-fotball.
Med ihuga foreldre på sidelina til trear- og femar-banane vart det retteleg folksamt. Etter kampane var det medaljeseremoni.