I alt fort mange år var Jensanesvegen alt for smal, men så løyste floken seg i året 2011. Då vedtok Stord kommune å forskotter utviding og opprusting med lovnad om attendebetaling frå fylkeskommunen når «tida var inne». Det blir i år.
13. november mottok kommune brev med melding om at fylkeskassen har klar 15 millionar kroner til overføring, det er berre å senda fakturaen.
– Er dette pengar Stord kommune rekna med/har budsjettert med i år, eller er det eit «pluss i kassen»?
– Dette er midlar som finansierer utlegg som Stord kommune har hatt tidlegare. Dette bidreg difor ikkje til noko pluss i driftsresultatet til kommunen. Kommunen inngjekk avtale med Fylkeskommunen 18.07.2011 og veit om midlane, som no blir refunderte, opplyser økonomisjef Marianne Heggholmen Aarbø til stordront.no.