Veko e ‘kje forvel komen i gang, så stonda da te helg igjen. Å endå e da ei veka te føste søndag i advent. Men julafta ska likavell vera heilt i ruta, itte så di seie. Korsom e’, så føre me her vidare den nye tradisjonen med låning av ordtak og fyndord frå Ola Høyland si bygdebok anna 1972:
– Da slitest alt so brokt e’.
– Har korkje bitande elde slitande. (om nokon som treng hjelp)
– Prakkareskapen e’ verre enn stakkareskapen.
– Gagn og gaman ska’ gå saman.
– Da e’ fleire so forspøre seg enn so forsnakka’ seg.
Nokre ord som alt for 50 år sidan var på veg ut av stordamålet:
Bisna = sjå med undring og forvitenskap
Brisen = staut og vakker
Bjår = (bjår ikkje) høver ikkje
Brutla = bråka litt
Bræsa = steika, feitt som sprakar