Stord «nyvalte» kommunestyre er ferdig med dei innleiande rundar og formalisering av drifta komande fire år. Torsdag 30. november byrjar den politiske kvardag med det som ser ut til å bli eit laaangt og innhaldsrik møte.
Innkallinga strekkjer seg over 449 sider og dagsorden er fordelt på 39 punkt. Her av tre orienteringar (OS), fem innmelde spørsmål (IS), to referatsaker (RS), tre orienteringar (OS) og 25 «vanlege» politiske saker (PS). Sistnemnde kategori ymsar mellom val av representantar til diverse råd og nemnder, via godkjenning av plussrekneskap for VA-anlegg, til tunge budsjettdrøftingar for 2024.
Møtet har start klokka 12.