Kattnakkevegen er vinterstengd

Kattnakkevegen er no vinterstengd frå krysset ved Lundssetervegen. 

Vinterberedskapen på kommunale vegar gjeld frå 1. november til 1. april. I denne perioden kan snøen kome brått på og Tekniske tenester stenger difor vegen ved første snøfall eller frost. Når vegen er stengd vert det ikkje utført brøyting eller strøing. 

Forbodsskiltet «Forbode for motorvogn» må respekterast. Brot på offentlege skiltreglar kan medføre bøter. Forbodet gjeld ikkje beltekøyretøy.