Betaling ja – kvittering nei!

Vurder nøye om du har trong for kvitteringa… (Foto: Steinar Hystad)

Parkeringsplassen for  besøkande til Stord sjukehus krev avgift, og den skal betalast ved avreise.  Bilen vert fotografert  i det ein svingar inn på plassen, og slik er det berre å slå inn registreringsnummeret når ein skal gjera opp for seg.  Automaten reknar kvikt ut pris og så er det berre å bruka kortet – med eller utan kodeinnslag. Når det til slutt kjem spørsmål om  ein vil ha kvittering, bør ein kasta blikket på bakken nedfor automaten og sjå dei alt for mange kvitteringane som er køyrde ut til inga nytte. Ligg att som kvite snøflak på asfalten. Når ein får  opp melding om godkjent betaling,  er  det like greitt å svara nei til kvittering og ja-takk til å setja over til «neste kunde».

Å hugsa betalinga der og då er veldig lurt, og ikkje minst økonomisk smart.  Beviset er å finna på fakturanummer 560113  frå Park Pay, pålydande 64 kroner totalt, derav  kroner 10 for «gløymt» parkeringsavgift  og kroner 54  i fakturagebyr!