Ventar på avgjerd for laksemerd

Lukka laksemerd bygt hjå Leirvik AS i Aslaksvikjo. (Foto: Steinar Hystad)

Ein spesiell farkost har ei tid lege fortøydd utfor Leirvik AS sitt verftsområde  i Aslaksvikjo. Og det kan enno bli ei tid å venta på avgjerda vidare tiltak, opplyser dagleg leirar  i verksemda, Helge Gjøsæter, til stordront.no.

Han fortel at Leirvik har bygt fire slike oppdrettmerdar  med skrog i aluminium. Inne i  den ovale opning blir det hengt presenning  slik at  fisken veks i lukka merd. Frisk og lusefritt  sjøvatnet blir pumpa opp frå 28 meters djupne. For tida ligg det to  merdar av denne typen ved Utåker og ein i Hjelmeland i Rogaland.

– Merden som no ligg hjå oss hadde eit uhell i Fensfjorden og må reparerast. Firmaet bak konstruksjonen har i mellomtida gått konkurs og me må venta på avgjerd for vidare gjeremål frå bustyret, seier Gjøsæter.