«Monstertreet» fjerna

Noko luftigare langs vegen øvste  Skotlio etter  fellinga av «Monstertreet» (Foto: Steinar Hystad)

Oppsitjarar i Skotlio meinte å ha gode  grunnar for å be kommunen fella eit svært høgt tre i grannelaget deira. Treet stod på kommunal veggrunn og naboane hadde hatt sak gåande i tre år for å få det felt. I e-post til kommunen i sommar blei  ankepunkta tekne opp att: –  treet var ei sol-sperre, ein såg fare for rotvelt og straumleidningane  gjekk gjennom  bladverket.  Oppsitjarane sakna  respons frå kommunen.

For litt sidan vart  oppsitjarønskje oppfylt. I god samarbeid mellom trefelle-ekspertane i Tre og Hage og mannskap frå tekniske tenester  vart det kraftige lauvtreet teke ned bit for bit og «tomten» reinska.  Stubben står att som eit minn